Uttalar frå årsmøtet

Årsmøtet i Flora Ap vedtok 6 uttalar, desse vert alle sendt vidare til årsmøtet i Sogn og Fjordane Ap.

1.Slå ring om overgrepsmottaket i Førde

Flora Ap oppfordrar kommunane i Sogn og Fjordane om å støtte opp om overgrepsmottaket i Førde og slå ring om eit viktig fagmiljø og kompetansesenter for overgrepsutsatte i fylket vårt. Behovet for oppfølging av valdsutsette barn og kvinner aukar.

Grunngjeving:

Flora Ap meiner det er viktig at også Sogn og Fjordane har eit godt kompetansemiljø for overgrepsutsette. Sjølv om det frå 1.1.2016 har blitt endring i ansvarsfordelinga ved at det er helseføretaka som har ansvar for personar utsett for voldtekt, og at kommunane ved legevakt har ansvar for vold i nære relasjonar, må det vege tyngst at vi skal ha eit best mogleg tilbod i fylket vårt.

Det vert peika på at det trengs erfaring og ein spesiell kompetanse for å ta vare på offer og sikre bevis i saker med vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep. Fagfolk og politiet har vore tydelege på at den beste lokaliseringa for tilbodet er ved Førde sentralsjukehus. Det vert også arbeida med å få lagt eir barnehus til fylket, lokalisert i Førde.

2.Kommersialisering av Flora Lufthamn

Flora Lufthamn vert kommersialisert frå 1. april. Kommersialiseringa vert gjort av regjeringa mot vedtak i Flora Bystyre. I etterkant har situasjonen for næringslivet forverra seg grunna nedgangen i oljenæringa. Grunnlaget for vedtaket om kommersialisering er langt på veg ikkje lenger eksisterande. Vi krev at Flora Lufthamn snarast igjen vert ein flyplass innanfor konsesjonsordninga (FOT),

Grunngjeving:

For næringslivet i Flora og distriktet rundt er Flora Lufthamn særs viktig, og ein del av infrastrukturen som er naudsynt for effektiv næringsverksemd. Faktorar som tel her er både frekvens og pris.

Grunnlaget for at flyplassen vart kommersialisert, var at passasjertalet på flyplassen var stigande, og sannsynlegvis og at Widerøe siste perioden vant anbodet utan driftstilskot.

Vi ser no resultatet av heilkommersialiseringa: Tal avgangar vert redusert, spesielt kveldsrutene. Billettprisane stig med opptil 70 %. Grunna desse to faktorane er det svært truleg at trafikken over Flora Lufthamn vert ytterlegare redusert, altså ei forsterking av den negative trenden vi allereie ser.

Regjeringa må snarast få Flora Lufthamn inn i konsesjonsordninga (FOT) igjen. Då vert lufthamna igjen likestilt med dei omliggande lufthamnene. Det vil også verte eit godt bidrag til at næringslivet ikkje vert påført ytterligare ulemper. Det er ikkje det vi treng no.

3.Palestina

Vi ber den norske regjeringa presisere overfor Israel følgande:

1. Okkupasjon av palestinsk område må opphøre.

2. Palestinerane i Israel må ha like rettigheiter som andre innbyggjarar.

3. Bygging av settlements på Vestbredden på opphøre og reverseres.

4. Forhandlingane om ein tostatsløysing må gjenopptakast og ferdigforhandlast.

Grunngjeving:

Staten Israel blei oppretta i 1948, og førte til at mange palestrinarar måtte forlate området. Flyktningleirar blei oppretta. Men det blei også avsatt eit område til palestinsk stat. Sida 1967 har området ( Vestbredden og Gaza) vært okkupert av Israel.

FN har fordømt okkupasjonen av palestinsk område.

Som okkupant påkvilar det Israel forpliktelsar,, til behandlinga av befolkninga. Vi ser i dag at befolkninga lider under okkupasjonen. Landområdene er konfiskert, tilgang på vatn er redusert, reise internt i palestinsk område er vanskeliggjort gjennom kontrollpostar og tilgang til ressursar som helse og utdanning er vanskelig.

Vi ser også at Israel langt på vei har innført eit apartheidregime, kor tilgang til ressursar og adgang til områder blir styrt a opphav. Bygging av mur på palestinsk område er eit eksempel på noko som er heilt uakseptabelt.

4.Moglegheiter i Havrommet

For å være i front i det grøne skiftet og sikre at Sogn og Fjordane tar del i utviklingsmogligheita som ligg i våre resursar i havrommet, skal det arbeidast for å opprette ein linje for høgare teknologisk utdanning retta mot havbruk samorganisert til subsealinja i Flora.

Grunngjeving:

Norge er verdsleiande på undervassteknologi. Kopling av teknologi og kompetanse i offshore, maritim- og marine næringar vil skape grunnlag for innovasjon og auka verdiskaping i havrommet der Norge og vestlandet vil vere i tet. Nærheit og tett dialog med eit sterkt maritimt og marint næringsmiljø i Flora vil vere positivt for nye studiar retta mot havrommet.

Havet og kysten i og utanfor Sogn og Fjordane opnar for nye moglegheiter ved bruk av teknologi på tvers av bransjar som petroleum, subsea mining, miljøovervåking, offshore vind, offshore havbruk, tidevasskraft, biologisk kartlegging, dyrking av nye arter m.m.

Flora Ap ønsker å styrke FOU aktivitet, fagkompetanse og læremiljø kring havbruk-, offshore og maritime næringar i fylket, samt legge til rette for framtidsretta aktivitetar i havrommet. Dette vil gi Sogn og Fjordane moglegheit til å verte ein sterk næringsregion, med teknologisk utvikling i aksen rundt det grøne skiftet.

Vedtak: Samrøystes vedteke og sendes over til årsmøtet i Sogn og Fjordane Ap. Styret får fullmakt til å gjere endringar.

5. 45 minuttsregionen- Kystvegen Ålesund- Bergen

Sogn og Fjordane Ap skal være pådrivar for realisering av 45- minuttsregionen og kystvegen Ålesund-Bergen.

Grunngjeving:

45- minuttsregionen er ein viktig del av Kystvegen Ålesund- Bergen. Heile kystregionen i Sogn og Fjordane har utfordringar når det gjeld folketal, attraktivitet og pendlarmuligheiter. Samstundes har regionen det største næringspotensialet i fylket, men betre infrastruktur er nødvendig for å skape utvikling og vekst. Kortare avstandar mellom kystsentra vil også fremje samarbeid og samhandling mellom kommunane på kysten. Realisering av 45- minuttsregionen er eit stort økonomisk løft for fylket, og riksvegstatus for Kystvegen kan difor være nødvendig for realisering.

6.Grøn maritim teknologi

I tråd med nasjonale og globale satsingar bør Sogn og Fjordane bidra med tiltak som legg til rette for ein grønare skipsfart i framtida.

Grunngjeving:

Fylket har mange ferjestrekningar, regionale og lokale skyssbåtruter og ulike reiarlag som til saman rår over ein stor flåte. Med tilgjengelig teknologi er det mulig å implementere batteri- og hybriddrift på delar av flåten for å redusere utslepp av til dømes CO2. På sikt kan verksemder i Sogn og Fjordane bidra med produksjon av hydrogen og bruk av brenselcelleteknologi til utslippsfri framdrift av alle tyde fartøy, inkludert fartøy som trafikkerer kystleia eller går i interkontinental fart.

Det maritime næringslivet i Sogn og Fjordane er innovativt og til del verdsleiande og vil kunne ta del i ei omfattande teknologiutvikling som følgje av større satsing på grønare skipsfart. Nasjonale føringar og tilskotordningar vil være avgjerande for å auke bruken av fossilt brensel i både kystnær og internasjonal skipsfart.