SKRYTELISTA Til HØGRE.

Eg viser her til Høgre og ordførar Bengt Solheim Olsen si skryteliste i FP 29.08.15.

Nokon av sakene har vore arbeidd med i åresvis, nokon har landa og nokon går vidare og kan førast på skryteliste om 4 år og. Slik er politikken sitt vesen, nokon er mest opptekne av å få ting gjort medan andre er mest opptekne av å ta æra.

Kva har til dømes Bengt Solheim Olsen gjort for å få Kinnvegen på plass? Sjølvsagt ingen ting. Det har han heller ikkje hatt høve til då avtalen vart signert i august 2011, dvs. før han overtok vervet som ordførar.

Tursti Bradsøyåsen, ny kinosal, ny kunstgrasbane og løpebane, er saker som alle parti står bak. Samrøystes vedtak som vert dekka inn med nye lån og spelemidlar. Dette er vidareføring av kommunen sine planar frå tidlegare.

Utdjupinga av innseglinga vart vedteke av forige Regjering etter påtrykk frå eit samla politisk miljø lokalt i forige periode. Samarbeid på tvers nyttar.

Utvidinga som har skjedd på Basen er i privat regi utan medverknad frå noverande politisk leiing og har bakgrunn i tidlegare regulering. Vedtaket i denne perioden gjeld vidare utviding, det burde ordføraren vite.

Regulering for Knapstadmarka barnehage er vedteken. Prosessen med val av løysing har teke unødig lang tid på bakgrunn av at Høgre har gått for privat løysing i tre rundar for så å trekke forslaget når saka kom til bystyret. Høgre gjekk til slutt vekk frå privat barnehage slik at det no er vedteke kommunal løysing.

Når det gjeld økonomien i Flora kommune gløymer Høgre som tidlegare, å informere om kor mykje meir dei har hatt å bruke. Fylket overtok båtrutene frå 2011, det utgjer 10 millionar årleg meir til drifta. Kommunen har i perioden motteke 6,1 millionar frå Fylkesmannen i skjønnsmidar og Fylket har overført 5,3 millionar i næringsmidlar. Til trass for desse ekstramidlane, 51,2 millioner, syner no økonomirapporteringa at underskotet i år kan verte på over 10 millionar kroner. I tillegg skal dei kutte 15 nye millionar i skule og barnehagar.

Arbeidet for å få starte bygging av Eikefjord skule var godt i gang før sist val. Alle parti har gått inn for å få den bygd, men det har vore mykje usemje om løysing og kostnad før endeleg vedtak. Bente Frøyen Steindal etterlyste den løysinga som til slutt vart vedteken, i formannskapet januar 2013. Skanska AS hadde nemleg sendt inn døme på eit slikt prosjekt som ikkje vart vidareformidla til politikarane.

Den blå promenade er ikkje ferdig, den er heilt avhengig av prosjekta til dei private utbyggjarane.

Når det gjeld Sørstrand Folkepark, var eg sjølv ilag med dåverande ordførar Bente Frøyen Steindal på synfaring ilag med Magne Hovland som var initiativtakar. Det vart sett i gang arbeid med å skaffe midlar og arbeidet kom igang. Ei stor ære for at vi no har dette fantastiske anlegget har i fyrste omgang Magne Hovland og varaordførar Jan Henrik Nygård ilag med mange frivillege.

Midlar og planar for uteområdet ved Florø barneskole var på plass i forige periode og arbeidet er no utført. Ikkje med på ovemnde liste, men eit viktig tiltak som er verd å nemne.

Lista eg syner til kan som ein skjønar, dei fleste parti bruke som sine "skrytelister", men den kunne med godt samarbeid truleg fått tilført mange fleire positive saker.

Så vil eg til slutt nemne Trovikeigedomen den gløymde du ordførar, til trass for at her har du stort sett "æra" aleine. Her er det brukt bort imot 3 millionar uten at nokon ting har skjedd. Med mindre det er noko generalforsamlinga som er formannskapet, ikkje fekk informasjon om i møtet 2.juni i år. Vi les om planar i avisa, men den einaste informasjonen vi har fått er at det ikkje er noko formelt eller sikkert på plass.

Når eg no etter mange år har takka nei til å fortsette i politikken, har eg eit ynskje og eit råd å komme med. Ha fokus på sakene og gå tilbake til å samarbeide på tvers når det er til det beste for kommunen. Det nyttar ikkje med eit splitta bystyre som dreg i kvar si retning, det har vi smertelig fått erfare mellom anna i høve Politireforma.

Her har alle eit felles ansvar og særleg gjeld det ordførar.

Det Flora no treng er ein samlande ordførar.

Godt val.

Åge Larsen

Bystyrerepresentan AP