Sjukehustomta del II. Trygg og meiningsfull alderdom.

Ein god eldreomsorg er å gje dei eldre det tilbodet dei sjølve vil ha. Vi veit at svært mange ønskjer å bu heime så lenge som mogleg. Flora AP har difor som mål å legge til rette for dette.

original_1478639969_5601153

I valkampen ser vi at andre politiske parti kappar om kven som kan love flest institusjonsplassar. Vi meiner debatten burde handla om korleis vi skal jobbe for å hindre at eldre må bu på institusjon, samstundes som vi bidreg til ein trygg, verdig og meiningsfull alderdom.

Eit stikkord i eldreomsorg er tryggleik. Tryggleik handlar om å gje eit tilbod der dei eldre veit dei får den hjelpa dei treng, når dei treng ho. Behovet vil vera ulikt frå person til person. For nokon vil institusjonsplass vera det rette, og då skal dei sjølvsagt få det. Men det er viktig at tilbodet i eldreomsorga er differensiert, der også førebyggande arbeid og tilrettelegging er ivareteke.

Dei fleste har nok fått med seg at Flora Ap vil ha rådshus i den nyaste delen av sjukehuset. På området der den eldste bygningsmassen står vil vi bygge framtidas eldreomsorg. Vi vil bygge leilegheiter etter burettslagsmodell, der det vert regulert inn at det berre er eldre som skal bu i sameiget. Slik kan også prisane på slike leilegheiter haldast lågare enn elles. Med eit slikt offentleg-privat samarbeid kan eldre eige sin eigen bustad midt i sentrum, samstundes som kommunen dekker tryggleik og helseteneste-behova. Eit slikt bygg kan også romme mange andre tilbod som butikk, frisør, lokal helsestasjon, trimrom, cafe og andre fellesrom. Bygget skal vere ein attraktiv bustad å ha alderdomen i.

Flora kommune møter for alvor utfordringa med fleire eldre frå 2025. Innan den tid må kommunen vere klar med sitt tilbod. Det betyr at bystyret som vert valt i haust, må legge planane for korleis ei aukande mengde eldre skal få dekka sine behov.

Flora Ap er oppteken av å tenke langsiktig og å finne gode, realistiske og konkrete løysingar på kommunale oppgåver. Prosjektet på sjukehustomta er bærekraftig både for dei eldre og kommuneøkonomien. Vi håpar veljarane gjev oss løyve til å handle.