Ola Teigen fekk full støtte frå årsmøtet

Ordførar i Flora kommune, Ola Teigen, fekk i dag full støtte frå fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane AP om å krevje at løn og rekneskapstenestene i politiet må leggjast til Florø.

original_1478639981_669481

Sogn og Fjordane Ap krev at den nye løn- og rekneskapsavdeligna innan politiet må leggast til Florø etter at funksjonane skal sentraliserast frå politidistrikta til politietes fellestenester som sorterar under politidirektoratet.

Sogn og Fjordane er eit av å fylke som ikkje lenger er eige politidistrikt etter at nærpolitireforma vart vedteken til tross for at vi har levert gode tenester og topp resultat. Dette medførar at vårt fylke mistar fleire arbeidsplassar enn andre. Med ei aukande arbeidsløyse på kysten m sant at Florø har desidert færrast statlege arbeidsplassar av dei aktuelle lokasjonane, forventar vi at Sogn og Fjordane er rett adresse for slike arbeidsplassar. Statlege arbeidsplassar skal kome heile landet til gode, noko både Florø og fylket generelt har fått lite utteljing på.

Sogn og Fjordane Ap forventar at retningslinjene for etablering av statlege arbeidsplassar , som har som målsetjing om etablering der arbeidsplassane vil ha størst potensiale for å utvikle regionen, vert vektlagt.