Nei til kommersialisering av Florø Lufthamn.

Flora Ap vedtok på sitt årsmøte ei uttale om nei til kommersialisering av Florø Lufthavn , denne går vidare til fylkesårsmøtet i helga der Flora Ap forventar full støtte av fylkespartiet.

Florø Lufthamn vert kommersialisert frå 1. april. Kommersialiseringa vert gjort av regjeringa mot vedtak i Flora Bystyre. I etterkant har situasjonen for næringslivet forverra seg grunna nedgangen i oljenæringa. Grunnlaget for vedtaket om kommersialisering er langt på veg ikkje lenger eksisterande. Vi krev at Flora Lufthamn snarast igjen vert ein flyplass innanfor konsesjonsordninga (FOT),

For næringslivet i Flora og distriktet rundt er Flora Lufthamn særs viktig, og ein del av infrastrukturen som er naudsynt for effektiv næringsverksemd. Faktorar som tel her er både frekvens og pris.

Grunnlaget for at flyplassen vart kommersialisert, var at passasjertalet på flyplassen var stigande, og sannsynlegvis og at Widerøe siste perioden vant anbodet utan driftstilskot.

Vi ser no resultatet av heilkommersialiseringa: Tal avgangar vert redusert, spesielt kveldsrutene. Billettprisane stig med opptil 70 %. Grunna desse to faktorane er det svært truleg at trafikken over Flora Lufthamn vert ytterlegare redusert, altså ei forsterking av den negative trenden vi allereie ser.

Regjeringa må snarast få Flora Lufthamn inn i konsesjonsordninga (FOT) igjen. Då vert lufthamna igjen likestilt med dei omliggande lufthamnene. Det vil også verte eit godt bidrag til at næringslivet ikkje vert påført ytterligare ulemper. Det er ikkje det vi treng no.