Framtidas omsorgstenester i Flora Kommune

Bystyret gjorde i sitt møte den 21. juni vedtak om organisering av framtidas omsorgstenester i Flora Kommune. Vedtaket er eit av dei viktigaste vedtaka vi som bystyre har gjort denne perioden.

Mandatet frå bystyret var å komme med framlegg om driftsøkonomisk og berekraftig organisering /tenestemodell for eldreomsorga i lys av ressursbruk og kvalitet. Vi skulle også sjå på dimensjonering av døgnplassar og vurdere korleis ein best mogleg kan nytte dei samla ressursane i dei øvste trinna i omsorgstrappa.

Vi veit vi står føre eit aukande tal eldre i kommunen vår, dette gjer til at vi må sjå på organiseringa av tenestetilbodet vårt. Dagens teneste er i liten grad utforma til å møte morgondagens behov med tanke på demografi, arbeidskraft, fordeling av ressursar og nye faglege tilnærmingar. Vi må i større grad vektlegge brukarens eigenmestring, rehabilitering, førebygging, miljøarbeid og innføring av velferdsteknologi. Ei sterk omsorgsteneste krev og fagleg og strategisk god leiing.

Den aller viktigaste avklaringa er at Flora kommune framover skal ha ein heimebasert omsorgsprofil med styrking av heimetenestene. I dette valet har vi støtta oss på offentlege utredningar og rapportar. Det er viktig at dei som vil kan bu heime lengst mogleg og at kommunen legg til rette for dette. Samstundes er det også viktig at dei som treng ein institusjonsplass eller ein omsorgsbustad med heildøgnsbemanning får dette når dei har behov for det.

Flora Kommune skal planlegge fleire døgnplassar som omsorg pluss. Omsorg pluss er eit nytt konsept i eldreomsorga der det er lagt vekt på at eldre skal bu i eigen/leigd bustad lengst mulig. Dette er bustader som er døgnbemanna med tilbod om felles måltider og der ein kan få tildelt heimetenester etter behov og individuell vurdering. Docen 2, med sine 32 bu- einingar, vert bygd innanfor dette konseptet.

Bystyret har også konkludert med at vi skal nytt kapasiteten på Docen-området før ein går vidare med ei eventuell utbygging på sjukehusområdet, med unnatak av om ein skal sjå på ei auke av omsorgsbustader i Eikefjord. Det er og viktig at ein legg opp til en fleksibel bruk av området. Bystyret har tidlegare slått fast at aksen Docen -sjukehustomta og omsorgssenteret er eigna områder for utbygging. Samlokalisering og rett organisering vil kunne gje handlingsrom for å nytte både personell og kompetanse på ein ny og fleksibel måte, og ved at tenesteytinga vert meir effektiv slik at meir av tida skal gå til brukarane.

Når vi får på plass Docen 2 og med den vridinga vi no gjer mot ei heimebasert omsorgsprofil vil behovet for reine institusjonsplassar minke. At vi no vedtek at planlegginga av institusjonskapasitet skal starte først i 2020, må ikkje være til hinder for tidlegare oppstart om utviklinga syner at behova for institusjonsplassar vert større og melder seg tidlegare enn berekna.

For Flora kommune er det viktig å ruste seg for framtida, vi meiner dette er riktige grep for å få til eit best mogleg tilbod for dei eldre i kommunen vår. Tryggleik er ofte ein faktor som vert tema når det er snakk om eldreomsorg. Denne tryggleiken skal ivaretakast uavhengig av om ein bur i institusjon eller i eigen bustad.

Karianne Torvanger

Leiar i Levekårsutvalet i Flora Kommune