Fleirtal for mat i barnehagane i Flora kommune

Bystyret har i dag vedteke kommuneplanen sin samfunnsdel som er kommunen sitt overordna styringsverktøy. I bystyret i dag var det mykje diskusjon rundt forslaget om å innføre brukarfinansiert matservering dagleg i alle dei kommunale barnehagane som ei samla folkehelsegruppe har gått inn for.

original

Å innføre servering av mat i barnehagen er ei sak som eg har vert engasjert i i mange år. Eg har snakka med helsedirektoratet, mattilsynet og 15 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane om servering av mat i barnhagen, tilbrakt utallige timer på nettsida barnehagefakta.no, og eg har lest det eg har kome over av undersøkingar knytt til dette.

Den mest relevante er helsedirektoratet sin landsdekkande undersøking om mat og fysisk aktivitet i barnehage frå 2011. Der står det ganske mykje spennande. Den undersøkelsen viser at 83,5 prosent av barnehagane tilbyr lunsj i barnehagen kvar einaste dag. Heile 83,5 prosent! Dette kan vere kun smøremåltid, eller ein kombinasjon av varm mat og smøremåltid.  

No er det sikkert mange som tenker at mange av desse barnehagane har ein kjøkkenassistent tilsett på deltid eller heiltid i barnehagen. 85,4 prosent har ikkje det!

Det er diverre sånn at barnehagane i Flora kommune har mange barn pr ansatt, og det å auke bemanninga er ei anna saka som er veldig viktig, og som eg håper vi kan klare å forbetre i løpet av perioden, men det er mange andre barnehagar som og har lav bemanning, men likevel har tilbod om matservering. Så det er ikkje nødvendigivs sånn at vi må auke bemanninga for å få dette til.

Nokre av barnehagane er klar til å begynne med dette, medan i andre må vi investere litt i kjøkkenfasilitetane før dei kan begynne med matservering. Dette må sjølvsagt greiast ut før vi set i gang, men eg meiner at vi absolutt skal ha som eit mål at Flora kommune skal klare å innføre mat i barnehagen i løpet av perioden. Det står og at vi skal innføre ein time fysisk aktivitet, uten at dette er utgreidd.

Det er mange grunner til at eg brenn for å servere mat i barnehagen. For det første er det utrulig mykje læring i det. Ungane kan vere med på å lage mat, servere den og rydde opp. Vi veit og at matvanene til borna blir lagt veldig tidleg. Med matservering i barnehagen blir ungane vant til eit sunt kosthold, i tillegg til at dei påverka kvarandre til å prøve nye smaker. Vi veit og at dei fleste aldersgrupper et for lite grønnsaker, og her har barnehagen en unik mulighet til å påvirke barna i positiv retning. Forskning vise at matvaner ofte dannes tidlig. Derfor kan det vere avgjerande at vi får meir grønnsaker inn i barna sitt kosthold medan dei er små. Med god kunnskap og godt tilbod kan barnehagen bidra til at eit sunnare kosthold, uavhengig av foreldra si kjøpekraft eller kunnskap.

Barnehagen utgjer ein unik læringsarena utanfor heimen, og har dermed en viktig helsefremmande og førebyggande funksjon. Eit sunt kosthold i barnehagen kan vere spesielt viktig for de som kjem frå heimar der bevisstheten rundt kosthold og levevaner er lav.

Eg meiner det er på høg tid at Flora kommune følger resten av landet, og innføre matservering i dei kommunale barnehagane. Vi har også eit flott kommunalt kjøkken, som eg er sikker på at vi kan ha ei godt samarbeid med i denne saka.

Eg er glad for at bystyret gjekk inn for å støtte dette. Her gjeld det å finne løysingar, ikkje problem!

Silje Ødegård Standal

Medlem i Levekår for Ap.